Tilsette ved Osterøy integrerings- og læringssenter

Bak frå venstre: Joseph (lærar), Lisbeth (introrettleiar), Karen (miljøterapeut), Anne Marie (miljøterapeut), Trude (avdelingsleiar), Torhild (lærar), Igor (burettleiar). Framme frå venstre: Ida (miljøarbeidar), Lillian (lærar), Kjersti (lærar), Linda (leiar), Gunvor (lærar), Nelia (lærar), Astrid (spesialpedagog). Foto: Tor Arne Aasen

Vaksenopplæringa er blitt Osterøy integrerings- og læringssenter

Osterøy integrerings- og læringssenter vart oppretta 01.01.18. 

Deira hovudmål er  at alle vaksne innbyggarar i Osterøy kommune skal kunne vere ein del av lokalsamfunnet, organisasjonslivet og yrkeslivet, uavhengig av nasjonalitet og funksjonsnivå.

Arbeidsoppgåvene er:

  • Opplæring i norsk språk og kultur for alle framandspråkelige vaksne.
  • Grunnskuleundervisning for vaksne, inkludert opplæring i grunnleggjande dugleikar for deg som grunna sjukdom eller skade har mista dugleikar på grunnskulen sitt område.
  • Mottak, busetnad, rettleiing og oppfølgjing av busette flyktningar i Osterøy kommune.
  • Rettleie privatpersonar og organisasjonar på Osterøy som ynskjer å drive integreringsarbeid, eller som har møtt på fleirkulturelle utfordringar i kvardagen.

Osterøy integrerings- og læringssenter held til på Hauge. Du får tak i dei ved å ringe 56 19 27 52 måndag til fredag, klokka 08.00 – 15:00, eller ved å stikke innom. 

Web levert av CustomPublish