Val 2015

Kommunestyre- og fylkestingsval 2015

Endeleg resultat og oversikt over representantane

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Det endelege resultatet for kommunevalet er klart.

Frammøteprosent var 66,5 %

Tala finn ein på valgresultat.no.

Klikk deg inn i artikkelen for å sjå oversikt over representantane i heradsstyret dei neste fire åra.

Møtebok frå kommunestyrevalet med oversikt over representantar og røystetal

Valstyret godkjende valsresultatet frå kommunestyrevalet i møtet 15.09.15. Møteboka  frå kommunestyrevalet 2015 finn du her

14. september 2015 Les meir om Endeleg resultat og oversikt over representantane
Førehandsrøysting

FØREHANDSRØYSTING I INSTITUSJON OG OMSORGS- OG ALDERSBUSTADER VED KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2015

VAL 2015

Det skal haldast førehandsrøysting ved desse institusjonane og til slike tider:

21. august 2015 Les meir
Kommunestyre- og fylkestingsval 2015

FØREHANDSRØYSTING I OSTERØY KOMMUNE I SAMBAND MED KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2015

Val 2015

Frå måndag 10. august kan du førehandsrøysta i Osterøy rådhus/Lonevåg.  Du treng ikkje vera manntalsført i Osterøy for å kunna førehandsrøysta hjå oss!  Høyrer du til i ein annan kommune tek me imot røystegjevinga di og sender ho til valstyret i den kommunen du høyrer til. 

Viktig: Dersom du ventar til valdagen med å røysta, så må du røysta i eigen kommune!

06. august 2015 Les meir
Kommunestyre- og fylkestingsval 2015

Val 2015

Måndag 14. september 2015 er det kommunestyre- og fylkestingval. I perioden mandag 10. august til fredag 11. september kan du førehandsrøyste.
Det er også mogleg å avgje ei tidlegrøyst i perioden 1. juli -7. august.

05. juni 2015 Les meir

Stemmerett og manntal

Manntalet er eit oversyn over alle som har stemmerett. For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i en kommune.

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet har:

  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2015 og som er, eller har vore, registrert som busett i Norge.
  • Statsborgarar i andre nordiske land som fyller 18 år innan utgangen av 2015, og som er registrert som busett i Norge innan 30. juni 2015.
  • Andre utanlandske statsborgarar som fyller18 år innan utgangen av 2015, og som har vore registrert busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i en kommune.

Er du innført i manntalet?
Alle med stemmerett vert  automatisk innført i manntalet i den kommunen der folkeregisteret har registrert deg som busett 30. juni i valåret.

Dersom du flytter til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.

Manntalet ligg ute til ettersyn fram til valdagen 14. september. Manntalet er ført krinsvis i tillegg til hovudmanntalet som du finn i servicekontoret i rådhuset, sjå oversyn over kvar manntalet ligg til ettersyn finn du her.

Veljarar som bur i utlandet.
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busatt i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntallet i den kommunen der du var registrert då du flytta frå Norge.

Dersom du ikke har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke din siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet.

Du søkjer om å bli innført i manntallet ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsstemming utanriks. Førehandsstemmer du i Norge eller ikkje nyttar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.  Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar. Lenke til søknadsskjema finn du her

Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret innan 14. september kl. 21.00.

 
07. juli 2015 Les meir om stemmerett
Web levert av CustomPublish