Valestrand skule

2014[1].11.25Valestrandskule

Valestrand skule er ein fulldelt skule med ca. 173 elevar. Skulen har lett og god tilgang til naturområde og Idrettsplassen like ved; der læring, leik og utfalding kan finna stad.


Siste nytt


 

Sommaravslutning

Onsdag 15. juni klokka 18.00-20.00 vil det bli sommaravslutning for elevar og føresette ved skulen.
Meir info om program kjem.
Illustrasjon lek Foto:http://www.bing.com/images/search?q=clipart+children+playing&view=detailv2&&id=625FE3B0EC74490F4067CBD401EBD0B4AB2CB886&selectedIndex=279&ccid=bKfvFjpr&simid=608030519578527192&thid=OIP.M6ca7ef163a6b14b3a30172a5111954cbH0&ajaxhist=0

23. mai 2016 Les meir

Skulen har fått mobiltelefonar

Kvar klasse har fått ein mobiltelefon. Denne vert sjekka kvar dag av kontaktlærarane. Føresette kan nytte mobiltelefonen til å varsle om fråvær eller til å gje andre beskjedar.
phone.png

03. mai 2016 Les meir
Velkomen til første møte med grunnskulen!

Søknad om skulefritidsordning

Du kan no søkja plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det  er eit tilbod før og etter skuletid for elevar i 1. til 4. klasse og for  elevar med særlege behov i 1.til 7. klasse.

Søknadsfrist for SFO frå hausten 2016 er: 1. mai 2016 og det må søkjast elektronisk.

12. april 2016 Les meir

Førskuledagar

Vi gler oss til å ta imot ein ny 1. klasse i august. I juni får desse elevane møte kvarandre og læraren sin på skulen. I to dagar får dei trene litt på å gå på skulen, ha med seg matpakke og ha friminutt. Føresette er velkomne til å vere med desse dagane.
Førskuledagane for vår nye førsteklasse er sett til tysdag 7. juni og torsdag 9. juni.
Meir info om dette kjem.

Vi har også gleda av å få fleire nye elevar frå Hauge skule. Besøksdagar for dei vert tysdag 10. mai og torsdag 2. juni.
Alle elevar ved Hauge skule mottar ein invitasjon med program for besøksdagane.

pencil%20logo.jpg
 

12. april 2016 Les meir
Web levert av CustomPublish