Planomriss_oppstart planid 12532017002_HaugeBarnehage_400x400

Varsel om oppstart av planarbeid -reguleringsendring Hauge barnehage -planID 12532017002 - merknadsfrist 14.07.17

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og 12-14  vert det varsla igangsetting av offentleg reguleringsarbeid for gbnr 4/124 m.fl-Hauge – i Osterøy kommune, med plannummer 12532017002, samt:

  • Endring og oppheving av utbyggingsplan for Hauge barnehage, planid: 1253 2007 0300 med endringar planid: 1253 2010 004 e1 og e2.
  • Endring av del av reguleringsplan for Fv 567 Hauge- Lonevåg, planid: 1253 2008 1200

Planstatus

Planområdet er sett av til offentleg eller privat  tenesteyting og LNF i gjeldande kommuneplan. Delar av arealet er regulert gjennom utbyggingsplan for Hauge barnehage og reguleringsplan for Fv 567 Hauge- Lonevåg.

Tiltaket er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Tiltaket er vurdert til å ikkje kome inn under krav om konsekvensutreiingsplikt, KU.

Planområdet

Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnitt, og utgjer om lag 13 daa. Planområdet er lokalisert på Hauge ved Hauge barnehage. 

Planomriss_mPlanstatus_oppstart planid 12532017002_HaugeBarnehage_400x400.jpg

Planstatus pr 30.05.2017

Arealressurs

Ein vil ta i bruk om lag 3,6 daa, av område som i kommuneplanen sin areal del er sett av til LNF. Av dette er 0,27 daa innmarksbeite, 0,2 daa overflatadyrka mark. Delar av utvidingsarealet er bebygd i dag.

Føremål

Føremålet med planarbeidet er å bygge ut Hauge barnehage med ein avdeling med tilhøyrande infrastruktur. Føremålet er i tråd med gjeldande reguleringsplan for barnehage, men område for utbygging utgjer ei  utviding av planområdet som er i strid med overordna plan.

Forslagsstillar

Tiltakshavar er Osterøy kommune v/ Oppvekst.  Kommunen ved planavdelinga er fagleg ansvarleg  for planlegginga.

Informasjon, medverknad og innspel:

For nærare informasjon om planarbeidet ta kontakt med planavdelinga på epost plan@osteroy.kommune.no eller med Nieves Tur  nieves.tur@osteroy.kommune.no.

Innspel til planarbeidet sendast på epost til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, Rådhusplassen Hatland, 5282 Lonevåg. Sendinga må merkast med «Innspel plan 12532017002 – Hauge barnehage»

Frist for innspel er sett til 14.07.2017

Web levert av CustomPublish