Feiing av skorstein.

Feiing av skorstein.

Vedlikehald av skorsteinar og eldstader

Regelmessig reingjering av skorsteinen reduserar risikoen for sotbrann og gjev betre fyringsøkonomi. Berre ein millimeter sot kan auke fyringsutgiftene med opptil fem prosent.

Mindre vedlikehald av skorstein, som slemming og pussing kan du gjere sjølv. Større vedlikehald, for eksempel rehabilitering er søknadspliktig arbeid og krev fagfolk.

Kontroll av eldstad

Nokre få minutts eigenkontroll av eldstaden kan gjere fyringssesongen sikrare. Sjå etter at det ikkje er sprekker i støypejernet eller lekkasjar ved skøyter i røykrøret. Undersøk at det ikkje er sprekkar eller utettheiter på eldstaden og at pakningane er i orden.

Overflata på eldstaden må ikkje bli så varm at den antenner bygningsdelar og brennbart materiale i nærleiken. Dersom treverk nær eldstaden er misfarga, er det teikn på for høg strålevarme som kan antenne og starte ein brann. Sjå til at det ikkje er plassert brennbare ting oppå eller for nært eldstaden.

Gamle skorsteinar

En gammal skorstein er svekka og ikkje lenger like sikker. Fyringsøkonomisk er også eldre skorsteinar lite lønnsame og dårlege for miljøet.

Eldre teglskorsteinar er enklare bygd enn dagens skorsteinar. Dei var bygd for gamle eldstader, andre fyringsmønster og brensel, ofte koks. I dei fleste tilfeller har eldre skorsteinar for stort tverrsnitt, noko som bidreg til at røykgassen blir nedkjølt og at sot set seg på innsida av skorsteinen. Denne soten kan seinare antenne og utvikle seg til ein sotbrann. At skorsteinen er ikkje er isolert forsterkar nedkjølinga ytterligare.

Web levert av CustomPublish