Forvaltningsplan for hjort for Osterøy kommune 2016-2020_300x424

PT vedtak 090/17 22.06.17

Vedtak av forvaltningsplan for hjort for Osterøy kommune 2017-2021

I møte 22.06.17 gjorde plan-og kommunalteknisk utval følgjande vedtak: 

"Osterøy kommune, Plan- og kommunalteknisk utval, vedtek vedlagde Forvaltningsplan for hjort i Osterøy kommune 2017-2021.

Retningslinene blir gjort gjeldane frå vedtaksdato 22.06.2017."

Gjeldande dokument:

1. Saksframlegg til vedtak

2. Forvaltningsplan for hjort for Osterøy kommune 2016-2020

Bakgrunn: 

Saka var oppe til sakshandsaming i Plan- og kommunalteknisk utval 29.04.2016 der det blei vedteke å sende planen ut på høyring. Høyringa gjekk til alle hjortevalda i kommunen, faglaga i landbruket i Osterøy kommune, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Bergen kommune og Vaksdal kommune.

Det kom inn 4 høyringsuttalar.

Lovverk/regelverk

Naturmangfaldlova
Lov om viltet (Viltlova)
Forskrift om forvaltning av hjortevilt (Hjorteviltforskrifta)

Bakgrunnen for utarbeiding av planen er at Hjorteviltforskrifta § 3 inneheld føresegner om at kommunen skal vedta målsettingar for utviklinga av bestandene av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på arten (e). Målsettinga skal blant anna ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane. Det er viktig at desse målsettingane:

  • får same rulleringsregime som andre kommunale planar knyta til plan- og bygningslova.
  • er konkrete og etterprøv bare (indeksar frå hjorteviltregisteret kan medverke til å styrke etterprøvbarheita i målsettingane).
  • blir evaluert nøye ved kvar revidering/endring.
  • varetek andre interesser i kommunen. Naturmangfald, jordbruk, samferdsel og skogbruk bør i så måte inngå i kommunens målsetting.

Den kommunale målsettinga skal legge føringar for eventuelle bestandsplanar utarbeida av jaktrettshavarar i kommunen. Desse bestandsplanane må ta omsyn til offentlege målsettingar for å bli godkjent. Det er derfor viktig at jaktrettshavarar blir inkludert når dei kommunale målsettingane blir utarbeida. Alle hjortevalda (37) har fått planen til høyring.

Alle merknadane kan lesast på Osterøy kommune sine heimesider. Sjølvbetening/søk etter saker/saksnummer 16/1032. 

Web levert av CustomPublish