Planstrategi Osterøy 2016-2020

Planstrategi Osterøy 2016-2020

HS vedtak 062/16 05.10.2016

Vedtak av kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020

I møte 05.10.2016 gjorde Heradstyret slikt vedtak:

«Med heimel i plan og bygningslova § 10-1 vert Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020, dagsett 22.08.16 vedteken som styrande verktøy av ressursar for perioden 2016-2020»

Gjeldande dokument:

Bakgrunn

Framlegg til kommunal planstrategi, handsama av Heradstyret 22.06.2016, har vert ute til høyring og offentleg ettersyn. Det er kome inn to merknadar frå Osterøy Industrilag og Fylkesmannen i Hordaland.

For prosessen med utarbeiding av Kommunal planstrategi for planperioden 2016-2020 var strategisk leiargruppe arbeidsgruppe, medan formannskapet var styringsgruppe. Planseksjonen koordinerte arbeidet. Planstrategien legg mellom anna opp til:

Ferdigstilling av pågåande planarbeid:

  • Kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Kommunedelplan for sjø- og strandsona
  • Kommunedelplan for oppvekst
  • Kommunedelplan for kulturminner
  • Områderegulering av Valestrand sentrum

Oppstart av planarbeid:

  • Overordna risiko- og sårbaranalyse 2016 (tilsynssak)
  • Overordna beredskapsplan – (tilsynssak)
  • KDP avløp med justering av vassforsyning 2017
  • KDP transport 2017
  • Områderegulering Lonevåg oppstart 2016
  • Rullering av kommuneplanen sin arealdel 2018
  • Områderegulering Haus og Åsheim 2019
  • Plan for massehandsaming 2017

Arbeidet med Samfunnsplanen kan avdekke behov for nye planar og revisjon av gjeldande planar.

Rådmannen viser til planstrategidokumentet for utfyllande informasjon om prioriteringar av planarbeid i perioden.

Endringar etter høyring

Ved 1.gongs handsaming av kommunal planstrategi for Osterøy 2016-2020 gjorde Heradstyre slikt vedtak:

«Med heimel i plan og bygningslova § 10-1 vedtek Heradsstyret å legga framlegg til Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020, dagsett 01.06.2016 ut på høyring og offentleg ettersyn, og med slikt tilleggspunkt til arealstrategiar: Strategi for å sikra vern av jordbruksareal og vern av matjord.  Det er ei utfordring i heile Norge at jordbruket byggast ned i stor skala. Det må innarbeidast i arealplanen korleis vi kan ivareta jordbruket

Siste del av vedtaket er innarbeida i siste versjon av dokumentet på side 30 og 31 under omtale av kommunen sin samfunnsplan og arealplan.

INNKOMNE MERKNADAR TIL HØYRINGSFORSLAGET

Gå inn på saka 15/1602 under "Innsyn sak" for å lese merknaden i si heilheit.

Hordaland fylkeskommune

Kort oppsummering av merknad; 

Fylkeskommunen viser til tidlegare utsendt brev gjeldande arbeidet med kommunal planstrategi, der dei har kome med generelle og temavise synspunkt for arbeidet. Brevet er vedlagt saka.

Merknaden er teke til orientering.

Fylkesmannen i Hordaland

Kort oppsummering av merknad; 

«(…)Fylkesmannen legg til grunn at nasjonale forventingar til kommunal planlegging og statlege føresegner og retningsliner vert lagde til grunn i utarbeidinga av strategien. Dei nasjonale forventningane omhandlar følgjande tema:

  • Klima og energi
  • By- og tettstadutvikling
  • Samferdsle og infrastruktur
  • Verdiskaping og næringsutvikling
  • Natur, kulturmiljø og landskap
  • Helse, livskvalitet og oppvekst

Desse hovudtema i dei nasjonale forventningane bør drøftast i planstrategien. I tillegg bør planstrategien romme ei skildring av utviklingstrekk og noverande situasjon i kommunen, jf. pbl. § 10-1 første ledd andre pkt.

Osterøy kommune har levert eit oversiktleg og godt forslag til planstrategi. Vi oppfattar at kommunen har drøfta relevante tema og gjort klare prioriteringar. Vi er positiv til at overordna risiko- og sårbarheitsanalyse og kommunal beredskapsplan har høg prioritet i kommande periode. Vi er også positiv til det pågåande planarbeidet med kommunedelplan for sjø og strandsona, men saknar den under «Skjematisk oversikt over prioriterte oppgåver 2016-2020». Kommunen peiker i planstrategien på demografiske tilhøve og andre faktorar som kan påverke folkehelse og levekår. Det blir også nemnt at planprogrammet til samfunnsplanen skildrar og peikar ut nokre av problemstillingane på området. Kommunen kan med fordel synleggjere oversiktsdokumentet som gir ei samla oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i kommunen, og som skal ligge til grunn for planstrategien, jf. folkehelselova § 6

Merknaden er teke til orientering. KDP Sjø- og strand er sett  inn i tabell over prioriterte oppgåver for perioden 2016-2020.

Osterøy Industrilag

Kort oppsummering av merknad; 

«(…) Arbeidet med ein statleg reguleringsplan for ny E16 og bane startar i årsskiftet 2016/17. Då burde me på Osterøy vere godt i gang, i alle høve med ein idedugnad, for å kunne delta aktivt i planprosessen. Så me oppmodar om at arbeidet med massehandteringsplanen vert igangsett så snart som mogeleg. Og det er ikkje usannsynleg at denne vil bli så omfattande at arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel bør foregå nokså parallelt. Og uansett ser me trong for snarleg rullering av arealplanen; manglande tilgang på næringsareal er i dag ei kraftig bremse for positiv næringsutvikling på Osterøy».

Det er fleire grunnar til å få sett på moglegheiter og problemstillingar knytt til handsaming av massar på Osterøy. Oppstart av planarbeid for handsaming av massar er sett opp i 2017 i forkant av arbeidet med kommuneplanen. Rådmannen vurderer det ikkje som realistisk å få prioritert ressursar til arbeidet før dette.

 

RÅDMANNEN SI VURDERING


Folkehelse

Ved arbeidet med kommunal planstrategi er fleire område under folkehelse undersøkt, vurderte og ligg til grunn for prioriteringane som er gjort.

Miljø

Miljøomsyn og berekraftig utvikling er vurdert og ligg til grunn for prioriteringane som er gjort.

Økonomi

Prioriteringane i planstrategien er meint å vere styrande for ressursbruken til kommunen. For å nå målsettiingane i strategien vert det viktig å følgje opp med ressursar i økonomiplan og budsjett. Det kan verte utfordrande for kommunen å balansere prioriteringane knytt til målsettingane i planstrategien opp mot lovpålagte oppgåver og andre viktige område for kommunen sitt virke. Ein har forsøkt å finne ein realistisk prioritering av tid og ressursar samstundes som det er eit sterkt ønske om å vere offansiv i høve til å gjennomføre god planlegging som vil kunne legge til rette for god utvikling av kommunen. Rådmannen meiner at ein har funne eit leveleg kompromiss av desse omsyna i planstrategien for komande planperiode.

Web levert av CustomPublish