Vedtak i Osterøy

Bakgrunn

Stortinget si  handsaming av Kommuneproposisjonen 2015 viser at det er fleirtall på Stortinget for en kommunereform. Departementets hensikt med å sette i verk ein omfattande lokal prosess knytt til kommunestrukturen, er å legge grunnlaget for løysningar som kan stå seg i lang tid framover.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har i skriv til alle landets kommunar invitert til medverknad i arbeidet med kommunereforma. Eit fleirtall i kommunal- og forvaltningskomiteen understreket i sin behandling «at det er eit utredningsansvar for alle kommunar». I skrivet frå departementet understreker statsråd Jan Tore Sanner at han «forstår dette slik at alle kommunar skal gå gjennom prosessen med å diskutere og vurdere samanslåing og at prosessen avsluttas med et kommunestyrevedtak seinast  våren 2016.»

På bakgrunn av samtaler på politisk nivå, har kommunane blitt einige om å møtes for å diskutere kommunereforma, og handteringa av det vidare arbeidet.

Vedtak Osterøy kommune

Osterøy kommune byrja arbeidet med kommunereform og  kommunestruktur tidleg gjennom felles prosess i regionrådet i Nordhordland. Saka har såleis vore til politisk handsaming ved fleire høve. Det har vore orientering til politiske organ og handsaming av konkrete saker.

  • K-sak  i 2013 Vedtak: Osterøy går ikkje vidare med alternativ Nordhordland
  • K-sak i 2014: Orientering og drøftingssak. Utan konklusjon
  • K-sak i 2015: Vedtak: Formannskap med utviding vert styringsgruppe. Rådmannen vert pålagt å greie ut to hovudalternativ.
  1. Samanslåing med Bergen kommune ( med eller utan Samnanger og Vaksdal )
  2. Osterøy som eigen kommune.
  • K-sak 22.06.2016: Vedtak: "Heradsstyret stadfestar i dag, 22.06.2016 , at Osterøy skal halda fram som eigen kommune."
Web levert av CustomPublish