Vedtekter for kommunale barnehagar

Vedtekter godkjende med vedtak i formannskapet 08.05.13 - gjeldande frå 01.08.13

1.Eigartilhøve:

Osterøy kommune står som eigar av dei barnehagane desse vedtektene omfattar. Barnehagane er administrativt knytta til Oppvekst, undervisning og kultur. Det daglege ansvaret er delegert til styrar ved kvar barnehage.
 

2.Lovverk:

Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, gjeldande forskrifter og retningsliner, kommunale vedtak og planar for den einskilde barnehage.
 

3.Føremål:

Er i samsvar med forskrifter til Lov om barnehagar m.v. § 1 av 01.08.10.

”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg, lek, og fremme danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.”

Barnehagane skal primært ivareta borna sine behov. Desse behova er igjen nært knytta til foreldre sine livsvilkår – og samfunnsutviklinga elles.

4.Organisering:

Osterøy kommune fylgjer norm for pedagogisk bemanning jfr. Lov om barnehagar §18 og forskrift om pedagogisk bemanning. Bemanninga må vera tilstrekkeleg slik at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd.

Osterøy kommune tilset personalet. Det vert utarbeida arbeidsavtale for alle tilsette.
 

5.Foreldremedverknad og Samarbeidsutval:

For å sikra samarbeid med heimane til borna, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval/SU - jfr. § 4 – Lov om barnehagar.

Samarbeidsutvalet/SU er slik samansett:


•Foreldre/føresette og dei tilsette - vel sine representantar til SU – og er likt representert.
•Det skal førast protokoll frå kvart møte i SU.
•Styrar ved barnehagen er sekretær for SU og har møte, tale og forslagsrett.
•Representant for dei tilsette og foreldre/føresette – vert vald for 1 år om gongen.
•Kommunen sin representant vert vald for 4 år

6.Opptak i barnehage

Osterøy kommune har eit samordna hovudopptak for kommunale og private barnehagar.
Opptak av born i den enkelte barnehage vert gjort av styrar ved kvar barnehage og spesialrådgjevar frå Oppvekst, undervisning og kultur.

Søknad om barnehageplass fylgjer slik prosedyre:


•Ein søkjer elektronisk på fastsett skjema innan 1. mars d.å. og søknaden sender ein til Osterøy kommune.
•Styrar og spesialrådgjevar gjer hovudopptak – og kontinuerleg opptak i barnehageåret etter vedtekne kriteriar.

Opptaksvilkår for barnehagane:

Lov om barnehagar styrer opptaket til dei kommunale barnehagane.
Kommunen er opptaksmynde - og opptakskrins er:

Born busett i Osterøy kommune vert prioritert ved opptak jfr. §12 a Lov om barnehagar.

”Barn som fyller 1 år innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august, i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barnet har rett til plass i den kommunen det er bosatt.”
        a. Barn med nedsett funksjonsevne jfr. Lov om barnehager - § 13.
        b. Barn som det er fatta vedtak om etter Lov om barneverntenester jfr.
            Lov om barnehager § 13.

Osterøy kommune tek også omsyn til fylgjande:


Ei fagleg skjønnsvurdering ut frå alder, kjønn, barn til tilsette, søsken, minoritetspråklege barn, barn av einsleg forsytar.
Opptakskriterie gjeld under føresetnad av at dokumentasjon ligg ved søknaden. Punkta a og b står i prioritert rekkefølgje

7.Barnetal og alder:

Borna vert rekna som 3 år – frå 1. august det året dei fyller 3. år.
 

8.Oppseiing / reduksjon av tid:

Hovudopptak av barn vert gjort etter kommunen sine retningsliner og gjeld frå 1. august det året barnet får plass.

Oppseiing må skje innan den 1. i kvar månad – skriftleg til styrar,
oppseiingstida er rekna frå den 1. i kvar månad.

Ved ny plass; dersom plassen vert sagt opp/redusert etter 01. juni må det betalast for heile august.
 

9.Opningstider

Opningtida er mellom 07.00 – 16.30, men kan variere ulikt i barnehagane.

Sektorleiing for oppvekst, undervisning og kultur avgjer i samråd med styrar – korleis barnehagetilbodet skal organiserast i sommarferien.

Tilbodet skal imøtekoma brukarane sin trong for eit barnehagetilbod, innafor økonomiske rammer - og eit forsvarleg pedagogisk tilbod.
Barnehagen har 5 planleggingsdagar – desse dagane er barnehagen stengt.
Barnehagane er stengt for borna julaftan - og nyårsaftan.

Ferie

Borna skal sikrast 4 veker ferie - minst 3 av dei skal vera samanhengande.
Den siste ferieveka skal takast ut heil.
Nedre grense for å halde barnehagen open ei veke i sommarferien - er 10 born kvar dag.
Barnehagane er til vanleg stengt 3 veker i juli.

10.Betalingssatsar:

Dei kommunale barnehagane fylgjer dei nasjonale satsane for foreldrebetaling og søskenmoderasjon.

Foreldre/føresette betalar for 11 mnd. gjeldande frå 1. august
Foreldre/føresette får tilsendt utfylt innbetalingskort med forfall.

Etter 2 – to - veker vert første purrebrev sendt. For skriftleg purring vert det lagt til
kr. 50 i purregebyr. Rente ved forseinka innbetaling er 12% jfr. ”Lov om forseinka betaling” 17.12.76. og ”Lov om inkasso” av 13.08.88 nr.26 med forskrift.
Etter 2 – to - månader seier Osterøy kommune opp plassen gjeldande frå den 1. i månaden etter.

Ny barnehageplass eller plass i SFO vert ikkje tildelt før barnehageavgifta er betalt, eller økonomisjefen har godkjent ei betalingsordning.
 

11.Permisjonsreglar:

Det kan gjevast permisjon frå barnehageplass ved brå endring i barnet sin livssituasjon.
Permisjon vert gjeve etter søknad frå foreldre/føresette og med eventuell dokumentasjon. Den første fråværsmånaden vert det betalt etter vanlege satsar.
 

12.Arealutnytting:

Osterøy kommune har som minstenorm 4m2 leike – og opphaldsareal per barn
over 3 år.

Born under 3 år har som minstenorm 5.33m2 leike – og opphaldsareal per barn.
Med leike – og opphaldsareal, meiner ein det arealet som reelt står til rådvelde for barnehagen sine aktrivitetar.

Følgjande rom inngår:


•Borna sin garderobe(ikkje grov)
•Leikerom
•Andre rom for borna sine aktivitetar; grupperom, sove/kvilerom

13.Teieplikt:

§ 20 Teieplikt
”for verksemder etter denne lov, gjeld reglane om teieplikt i Forvaltningslova §§ 13 til 13f tilsvarande.”
 

14. Uteareal

Utearealet i barnehagen bør vere om lag seks gonger leike- og opphaldsarealet inne.
 

15.Internkontrollsystem

Kvar barnehage skal ha eit internkontrollsystem som dokumenterar at helse, miljø og tryggleik er ivareteken jfr. Osterøy kommune sitt HMT –system.
 

16.Politiattest

Dei som arbeider i barnehage, skal legge fram tilfredsstillende politiattest jfr. Lov om barnehager § 19.

 

 

 

 

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish