Brøyting og strøing

Brøyting og strøing

Brøyting og strøing av kommunale vegar

Osterøy kommune har ansvar for brøyting og strøing av det kommunale vegnettet. I artikkelen kan du lesa om kvar det vert brøyta og strødd, kontaktinformasjon og kva du kan gjera for å hjelpa til.



HUGS  Å IKKJE PARKERE TIL HINDER FOR UTRYKNINGSKØYRETØY OG BRØYTEBIL! 


Har du spørsmål kring brøyting og strøing på det kommunale vegnettet ring Servicekontoret - 56 19 21 00.

Vakttelefon for veg, vatn og avlaup utanom arbeidstid er: 56 39 01 26

Følgande skal brøytast: Veg med snuplass fram til alle industriverksemder, kommunale vegar til skular og skuleplassar, kommunale parkeringsplassar. Kommunen brøyter også private vegar der bossbilen køyrer.

Brøyting vert utført av private firma etter eigen brøyteplan.
Det vert brøyta så snart som råd er etter snøfall på ca. 10 cm.

Strøing vert utført på kommunale vegar etter behov. Bur du i eit relativt nytt byggefelt er det stor sannsynlegheit for at vegane der framleis er privateigde. Det vil sei at det er utbyggar av området som har ansvar for å strø vegane.

Statens vegvesen har ansvaret for stamvegar og fylkesvegar.
Telefon: 175

Kva kan du forvente?

  • Brøytemannskapa ønskjer å gjere ein best mogeleg jobb, men under vanskelege tilhøve kan arbeidet ta lang tid. Vegen der du bur er difor ikkje nødvendigvis ferdig brøyta eller strødd om morgonen, - eller om ettermiddag.
  • Kva tid brøytinga startar er det brøytemannskapet i samarbeid med kommunen som avgjer. Hovudprinsippet her er at kommunevegane skal vere framkommeleg for ein normalt vinterskodd personbil.
  • Nødvendig strøing av vegbane og fortau vert gjort når brøytinga er avslutta.

Korleis kan du hjelpe til?

  • Tenk over korleis du parkerer bilen din.
  • Pass på at det er tre meter breidde att – slik at brøyteutstyr, brannbilar, ambulansar, bussar og renovasjonsbilar kan passere. Det skal også vere plass til brøytekantar.
  • Hugs at det ikkje er lov å parkere på snuplassar og i siktsoner.
  • Fjern vegetasjon på eigen grunn som går ut over vegen eller fortau som kan hindre brøyting og strøing.
  • Hekkar, gjerder og liknande må vere plassert i tilstrekkeleg avstand frå vegen, og skal dimensjonerast for å tåla normal påkjenning frå brøyting.

Kva er ditt ansvar?

  • Sørg for at køyretyet ditt er godt vinterskodd.
  • Har du avkjørsle må du sjølv sørgja for å fjerna brøytekanten der.
  • Ikkje plasser gjenstandar langs vegen/vegkanten, som kan skade utstyr, brøytemannskap eller andre ved påkjørsle.

Ikkje til hinder brøyting og brann.PNG

Web levert av CustomPublish