Veglys Foto: BKK

Veglys Foto: BKK BKK

Informasjon om veglysanlegga i kommunen

Drift og vedlikehald av veglysanlegga på fylkesvegane vert utført av BKK.

I tillegg skal BKK rette feil på lysanlegg på kommunale / private vegar når dei likevel er i same område. 

For å få registrert mørke lamper kan publikum melda i frå til BKK på deira nettside, eller ta kontakt med servicekontoret på tlf. 56192100.

Ein har meldt inn feil, men lampane er framleis mørke. Kvifor?

Ein del av veglysa i kommunen er av ein slik type (kvikksølvlampar) at ein ikkje får tak i nye lyskjelder. Dette er årsaka til at ein del lamper vert ståande mørke.

Kommunen held på med planlegging for å skifta ut veglys med nye energisparande lamper.

Arbeidet vert lyst ut på anbod og  det er sett av midlar på budsjettet.

Tidfesting for oppstart av prosjektet  eller omfanget av arbeidet er ikkje avklart.

Når arbeidet kjem i gong vert framdrifta i hovudsak prioritert med omsyn til trafikktryggleik og viktige skulevegar.

Web levert av CustomPublish