Velkomen til Osterøy ungdomsskule!

IMG_3756, OK-kutt2.jpg

Osterøy ungdomsskule er den kommunale ungdomsskulen i Osterøy kommune, og har 260 elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Lonevåg og er næraste nabo til Osterøy stadion, Osterøyhallen, Osterøy rådhus, Lonevåg barnehage og Lonevåg skule.

logo-verdi.jpg


Siste nytt


 

Logo verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse

Den 10. oktober er det verdsdagen for psykisk helse. OUS "tjuvstartar", og markerer denne den 3. oktober. Denne dagen får me besøk av helsesyster og kommunepsykolog. Dei vil ha stand, og dela ut materiell til elevane. Tema for dagen vil vera: "Kva gjer deg glad?"  

OUS har fokus på det psykososiale miljøet gjennom satsing på sosial kompetanse og i form av verdiane våre: Framtidsretta, modig og inkluderande. 

19. september 2017
Logo

ICDP-kurs

Det vert også i år arrangert kurs i ICDP for foreldre til ungdomsskuleelevar.

Oppstart vert måndag 16.10.2017 Det er framleis nokre ledige plassar.

Meir informasjon finn du her

19. september 2017

Oversyn frå foreldremøte 230817

Om du ikkje hadde høve til å delta på foreldremøtet forrige onsdag, så kan du lesa om kva rektor tok opp her.

30. august 2017 Les meir

Nye reglar om elevane sitt skulemiljø

Elevar som ikkje har eit godt og trygt skulemiljø skal få rask hjelp. Dersom skulen ikkje følgjer opp ei melding innan ei veke, kan elevar og føresette ta direkte kontakt med Fylkesmannen.

23. august 2017 Les meir
Web levert av CustomPublish