Verdsdagen for psykisk helse illustrasjon

Verdsdagen for psykisk helse illustrasjon

Verdsdagen for psykisk helse

I veke 40 og 41 markerer Osterøy kommune Verdsdagen for psykisk helse. Sjølve verdsdagen for psykisk helse er onsdag 10.oktober. 

Dette er ei årleg markering, der målet er å auke kunnskapen og openheita om at alle har ei psykisk helse, og auke kunnskapen om kva som gir gode levevaner. Årets tema er «raushet». Kommunen vil markere dagen med stands og aktivitetar i veke 40 og 41. Markeringar på enkelte skular vil skje veka før haustferien. Onsdag blir det òg stand i Lonevåg sentrum frå kl.13.30 og utover ettermiddagen. Markeringa er i regi av helsestasjonen, eining for psykisk helse/rus og tverrfagleg teneste.

#verdensdagen #psykiskhelse #værraus

Web levert av CustomPublish