Vidare utgreiing for Osterøy

Osterøy aleine

  1. Konsekvensar av framlegg til nytt inntektssystem
  2. Sårbare tenester i høve kompetanse og kapasitet
  3. Mogelegheitar og konsekvensar i høve interkommunale samarbeid
  4. Regional utvikling; mogelegheitar og konsekvensar 

Osterøy saman med Vaksdal og Bergen

  1. Eit hovudprinsipp om likeverd  mellom partane skal vera førande for arbeidet. Ein eventuell ny kommune skal etablerast, driftast og bli utvikla med utgangspunkt i kommunane sine tradisjonar, fortrinn, sterke sider og utfordringar. Forståing for kvarandre sin ståstad skal verta lagt til grunn ved utgreiingar og forhandlingar. Utvikling av nærdemokrati skal ha høg prioritet.
  2. Demokratisk nivå aust for Bergen, mogelege alternativ og erfaringar frå andre
  3. Regional utvikling; mogelegheitar og konsekvensar
  4. Økonomi; mogelegheitar og konsekvensar
  5. Vinstar for sårbare tenester
  6. Mogeleg effektivisering administrative kostnader
  7. Konsekvensar og mogelegheitar for produksjonen av tenestene som ligg tettast der folk bur; skule, barnehage, pleie- og omsorg
  8. Kultur og identitet 

Regjeringa sine kommuneretta kriterier

Regjeringa sitt ekspertutval har lagt fram 10 kommuneretta kriterier for oppgåveløysing for kommunane:

  1. God kapasitet
  2. Relevant kompetanse
  3. Avstand mellom tenestemottakar og den som gir tenesta
  4. Effektiv tenesteproduksjon
  5. Stabil og god økonomi
  6. Valfridom
  7. Gode samfunnsutviklingsområder
  8. Høg politisk deltaking
  9. Lokal politisk styring
  10. Lokal identitet.

    Det er naturleg å ta utgangspunkt i desse kriteria når ein skal vurdera kva val Osterøy kommune skal ta i kommunestruktursaka. 
Web levert av CustomPublish