Vinterskade på eng - tilskot til utbetring

Vilkår
Eigendelen er 20%. Kommunen (landbrukskontoret) skal kontrollere vinterskadane før utbetring. Dokumentasjon for kjøpt såfrø skal vere vedlagt søknaden.

Søknadsfrist
Utbetring bør skje så tidleg som mogeleg, og skal vere utført innan 15. juni. Søknad til kommunen snarast råd, seinast 15.juli. Føremålet med tilskotet er å gje stønad til brukarar med vesentlege vinterskadar på enga. Tilskotet er eit økonomisk verkemidel for å få ei avling av gras og grønfôr som kan haustast same året, slik at avlingssvikten vert redusert. Ordninga gjeld vinterskade på eng med årsak i fysiske tilhøve (frost, isdekke, vatndekke, uttørring og oppfrysing og eller biotiske tilhøve (overvintringssopp). Det kan berre gjevast tilskot til vinterskadd eng. Arealet må vere pløgd, horva, frest eller direktesådd og tilsådd med frø av eng eller grønfôrvekstar. Utbetringa må kunne gje avling i skadeåret. Forsømt utbetring kan føre til redusert erstatning/avslag for avlingssvikt.

Web levert av CustomPublish