VISUELL KUNST

Lyst til å vera din eigen forskar innan kunst?

På kulturskulen får du høve til det.
I faget Visuell kunst får du utforska forskjellige utrykksformer som teikning, maling, leire, tekstil, skulptur/installasjon inne og ute.
 

Vår lærar i Visuell kunst, Else Karin Bysheim, er utdanna kunstterapeut. Ho legg vekt på at dukunststanding_113x600.jpg gjennom å arbeida med mange ulike materiale, oppdagar ting undervegs og undrar deg over ulike former og uttrykk.  Alle har me ein liten nysgjerrigper i oss som treng utløp. Gleda ved å skapa er vel så viktig som resultatet.

Teikning
Her utforskar du ulike teikneredskap som f.eks. blyantar, kull og kritt.
 

Maling 
Det vert jobba mykje med å blanda fargar.
Tekstil
Du får vera med å jobba med fiber og oppdaga muligheitar her, det kan vera å laga din eigen tråd og bruka den i f.eks. strikk, broderi, vev.


Gamalt og nytt
Med utgangspunkt i gamle tradisjonelle handverk, utforskar me nye muligheitar.
Kunsthistorie vert fletta inn undervegs der det er naturleg.

Utstillingar og prosjekt
Me vil kvart år gå på minst eitt kunstnarbesøk, ei kunstutstilling og delta på minst eitt fellesarrangement med dei andre elevane i Osterøy kulturskule. Her er me også med på å laga scenerommet.
 
Tid og stad
Hausten 2016 står eit nyoppussa lokal klart til å ta imot nye elevar. Undervisninga vil gå føre seg i underetasjen til kulturskulen på Hatland på onsdagar frå kl 17:00. Tida kan verta justert.
Undervisningsøkta er på 90 min.  Med så lange økter kan undervisningåret verta korta noko inn dersom gruppa er lita.
kunstliggende.jpg
Web levert av CustomPublish