Kva er nytt?
Vi har fått på plass «Min side», der du kan logge på og finne snarvegar til Altinn og Lånekassen. Her kan du også finne fakturaer frå kommunen og be om betalingsutsetjing.
På sikt vil «Min side» gi alle som bur og driv næring i Osterøy kommune ein oversikt eige forhold til kommunen. Vi jobbar vidare med å få på plass fleire tenester på «Min side», og vil informere etter kvart som dei kjem på plass.
Du vil også oppleve at sida ser annleis ut. Vi har gitt meir plass til tenester, mindre til nyheiter og kalender. Dette har vi gjort fordi vi veit at dei fleste kjem til ei kommunal nettside for å finne informasjon om tenestene våre, til dømes barnehage eller byggjesak.
Aktivitetskalendaren
Alle som ønskjer det (til dømes lag og organisasjonar) kan legge inn arrangement i aktivitetskalenderen ved å identifisere seg med e-post eller SMS.
Når du trykkjer på "opprett arrangement" får du opp 3 alternativ: E-post, SMS, eller Redaktør/Administrator.
- Be om å få tilsendt ein kode på sms eller e-post
- Logg inn med eingongskoden
- Opprett aktivitet
(Redaktørar og administratorar gjeld berre for oss som styrer heimesida.)