HjemKampanjerMe feirar nasjonaldagen!

Me feirar nasjonaldagen!

Det vert ei annleis feiring av nasjonaldagen på Osterøy i år. Me samlar oss om eit felles program. 

I vindauga under kan du følgja live stream av feiringa på Youtube.

Sendinga startar 17. mai kl. 13.15.

Tusen takk til alle som har bidratt! 

Skal du ha gjestar eller vere ansvarleg for eit arrangement denne dagen?

Trykk her for å lesa dei nasjonale retningslinjene for årets 17.mai-feiring.

 

Får du ikkje opp videoen automatisk? Klikk på denne lenka som tar deg til Youtube.

 

Lokale program

Bruvik

08.00: Flaggheising.

13.00: Heile Norge syng «Ja, vi elsker». Haus musikklag speler utanfor butikken. Etterpå vart det kransenedlegging ved bautaen - Bruvik kyrkje.

15.00: Festgudsteneste i Bruvik kyrkje ved sokneprest Stein Hugo Fykse.

Velkomen!

Hamre

08.00 Salutt og flaggheising.

10.00 Gudsteneste i Hamre kyrkje.

Haus

08:00 Salutt.

10.30: Haus Musikklag spelar ved Mjeldalen ungdomshus.

11.00: Gudsteneste i Haus kyrkje.

12.00: Haus Musikklag spelar utanfor kyrkje etter gudstenesta

Votlo

11.00: Gudsteneste i Haus kyrkje.

12.55: Oppmøte på Askeland kunstnargard.

13.10: Allsong v/ forsongar Dag Sveinung Aasheim.

Etter dette: Springing for borna m/premiar.

Om lag kl. 14:00 (eller før) tur over Arsegga med rebusløp og "pølsebu" i 4H-leiren.

TA MED EIGNE PØLSEBRØD. Kjøp av brus og pølse via VIPPS.

Om lag klokka 16:00 - ferdig for dagen.

Lonevåg

08.00: Musikantar frå Lonevåg skule spelar til flaggheising ved rådhuset.

11.30: Osterøy Janitsjar speler ved Nesjatun.

13.00: Gudsteneste i Gjerstad kyrkje.

Valestrand

08.00: Salutt og flaggheising. Valestrand musikklag speler.

11.50: Salutt og piruett midtfjords av M/F Ole Bull.

Hauge

08.00 Flaggheising.

10.30 Osterøy Janitsjar speler ved Osterøytunet.

13.00 Gudsteneste Gjerstad kyrkje.

Hosanger

08:00 Flaggheising, Åsheimveten.

12:00 Kransenedlegging ved Bjørn West-minnesmerket.

12:15 Gudsteneste, Hosanger kyrkje.

13:15 Gudsteneste, Hosanger kyrkje.

Fotlandsvåg

08.00: Salutt.

Hjellvik

Program for dagen: Sjå eige oppslag i bygda. Her kjem det informasjon.

08.00: Flaggheising.

11.30: Hjellvik hornmusikklag syter for musikalske godbitar frå Mosevoll til Raknes. Klokka 13 endar dei opp ved skulen på Hjellvik.

Bysheim

Inga offisiell feiring i bygda i år, men gjengen kjem sterkt attende i 2021.

Tysse

Program for dagen: Sjå eige oppslag i bygda. 


Sist oppdatert: 15.05.2020
Publisert: 15.05.2020