HjemKampanjerNye søkarar til Osterøy integrerings- og læringssenter 19/20

Nye søkarar til Osterøy integrerings- og læringssenter 19/20

Osterøy integrerings- og læringssenter tilbyr undervisning etter Opplæringslova §  4A-1 og 4A-2. Dette er for dei som  av ulike årsakar ikkje har erverva seg, eller som grunna sjukdom/skade har behov for ny opplæring på grunnskulen sine områder (jf habilitering og/eller rehabilitering). Dette kan inkludere lese- og skriveopplæring, kvardagsmatte, digital dugleik, synstrening, med meir.

Vi har òg Eksamensretta grunnskule, eller grunnskule for vaksne som treng grunnleggande opplæring i matte, norsk, engelsk, naturfag og samfunnsfag. Denne undervisninga finn stad i grupper, og du vil bli plassert i gruppe ut frå ditt nivå i det aktuelle faget. For å ha rett til plass her, må  du grunngje kvifor du treng ny opplæring, og vi vil fatte eit vedtak om rett eller ikkje ut frå di grunngjeving.

Osterøy integrerings- og læringssenter ber nye søkarar, som ynskjer plass frå august 2019, om å søke så raskt som mogeleg, og innan 15. april.

Treng du hjep til å søke? Ring 56 19 27 52, så får du avtale med våre flinke skrankepersonale Maria eller Ida.

Sjå oversikt over alle undervisningstilboda våre her. 

Har du andre spørsmål? Ring Linda på 56 19 27 58.


Sist oppdatert: 29.03.2019
Publisert: 29.03.2019