HeimKampanjerOsterøy kommune skal verte Miljøfyrtårn!

Osterøy kommune skal verte Miljøfyrtårn!

Nytt år, nye moglegheiter!

Måndag 13.januar var avdelingsleiarar, vaktmeister og reinhald samla saman på Familie- og omsorgssenteret i oppstartsmøte for å planlegge vegen vidare mot sertifiseringa. Kommunen har hyra inn ekspertise frå konsulentar i Emisoft som skal bistå kommunen i arbeidet.

Inki Brown frå Emisoft orienterar tilsette på Familie- og omsorgssenteret vegen mot sertifiseringa

Inki Brown frå Emisoft orienterar tilsette på Familie- og omsorgssenteret om vegen mot sertifiseringa.

Familie- og omsorgssenteret som vart opna i juni 2019 har allereie mange moderne og klimavennlege løysingar. Senteret produserer mykje av straumen sjølv med hjelp av solcellepanel på taket, varmen kjem frå bergvarme og heimetenesta brukar elbil som tenestebil.

Familie- og omsorgssenteret vert derfor pilot i prosjektet om å verte miljøfyrtårnsertifisert. Neste milepæl i prosjektet er å sertifisere rådhuset. Deretter står kommunale barnehagar og skular for tur.

Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som hjelper verksemder å skape konkurransefortrinn av berekraft.

Nokre av områda vi skal jobbe med framover er blant anna å kartlegge og få på plass gode nye rutinar for avfallshandtering, kartlegge innkjøpa kommunen gjer, korleis transporten vert gjennomført i samband med jobb og tenesteytinga i kommunen, kor energieffektiv dei kommunale verksemdene er osv.

I tillegg til at miljøfyrtårn er eit miljø fokusert tiltak, har det også fleire positive ringverknader. Til dømes eit betre arbeidsmiljø, kartleggingar av forbruk som gjer at vi kan redusere sløsing og difor spare pengar. Pengar som sparast kan gå til andre gode tiltak og tenester til innbyggarane i kommunen. Kommunen vil og kunne stille sterkare krav til leverandørar om at deira tenester og varer skal oppfylle visse miljøkrav. Det store fokuset på kjeldesortering i samfunnet har vorte ei sjølvsagt ting for folk flest, og då ligg det ei forventing både for tilsette og innbyggarar at dei kommunale verksemda følger i same retning. Til sist vil det og ha ein positiv omdømmebyggande effekt, som visar at Osterøy kommune tek samfunnsansvar.

Vi gler oss til å kome i gang med å verte ei miljøfyrtårnkommune!


Sist oppdatert: 16.01.2020
Publisert: 16.01.2020