HeimKampanjerSøk barnehageplass for barnehageåret 2019/2020

Søk barnehageplass for barnehageåret 2019/2020

Slik søkjer du

Søknadsskjema for barnehageåret 2019/2020 finn du her. 

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2019.

Skal du sende ekstra dokumentasjon?

Merk det med "barnehagesøknad" og send det til: 
Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

OBS: Har du sendt inn søknad før 15.januar, eller står på venteliste, MÅ du sende inn ny søknad for oppstart hausten 2019/2020.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane. 

Kva skjer etter du har sendt søknaden? 

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden

 Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gi deg eit tilbod
  • ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan søkje barnehageplass utanom hovudopptaket, og du kan få tilbod dersom vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Kontakt oss

Har du spørsmål om søknad og opptak?

Ta kontakt med styraren i barnehagen du søkjer. Sjå oversikt over barnehagane her, eller kontakt 

Sylvi Ann Hanstvedt

Spesialrådgjevar barnehage


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 15.01.2019