HeimKampanjerKorleis ønsker du at framtida i Nordhordland skal vere?

Korleis ønsker du at framtida i Nordhordland skal vere?

Foto: Rita Sæle Langeland
I juni 2019 vart Nordhordland det første UNESCO biosfæreområde i Norge! No startar prosessen med å utforme Nordhordland biosfæreområdet sine strategiar for arbeidet framover. Har du innspel du vil kome med?
Publisert: 26.09.2019
Sist endra: 04.10.2019

Måndag 30.september var det idèmyldring og verkstad i Heradsstyresalen på rådhuset.

Vi snakka om kva Nordhordland Biosfæreområde eigentleg er, og kva det kan bety for din region. Vi drøfta kva som er viktig for å sikre ein god, berekraftig utvikling i biosfæreområdet, og korleis skal vi utvikle lokale løysingar på dei lokale og globale utfordringane. 

Vi er takksame for at de ville dele dykkar tankar og gje oss gode innspel til korleis vi ønskjer at framtida i Nordhordland skal vere og kva som vil vere viktige oppgåver å ta tak i.

  • Brenn du inne med ein idé du ikkje fekk nemnd?
  • Hadde du meldt deg på, men kunne ikkje komme likevel?
  • Eller kanskje har du kjende som har gode idear?

Då er det godt at vi har ein plan for det: Om de følgjer denne lenka, vil de finne ein ‘tipsknapp’!

 

Klikk her for å kome til heimesida til Nordhordland biosfæreområde, og for å lese meir om prosjektet. 

 

Prosjektleiar Kari Natland

E-post: kari@nordhordland.net