HeimNyheter

Nyheter


Valdagen måndag 09.september

Det vert halde val på representantar til kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 09. september 2019.

Du har røysterett ved valet dersom du oppfyller eitt av disse krava:

 

  • Du er norsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og er eller har vore registrert som busett i Noreg.

 

  • Du er statsborgar i eit anna nordisk land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.

 

  • Du er utanlandsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

 

For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune. På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2019.

 

Her kan du røysta på valdagen i Osterøy kommune:

 

Haus krins: Haus skule, gymnastikksalen                                                        kl. 12.00 - 20.00

Bruvik krins: Bruvik helselag sitt fellesrom                                                                    kl. 12.00 - 20.00

Hauge krins: Osterøy integrerings- og læringssenter (gamle Hauge skule)                         kl. 12.00 - 20.00

Lonevåg krins: Lonevåg skule                                kl. 12.00 - 20.00

Fotlandsvåg krins: Fotlandsvåg skule                  kl. 12.00 - 20.00

Valestrand krins: Valestrand skule, gymnastikksalen                                                 kl. 12.00 - 20.00

 

Hugs godkjend legitimasjon og valkort!

04.09.2019