HjemNyheter1.desember er Røykvarslardagen

1.desember er Røykvarslardagen

– Alle bustader og hytter skal ha røykvarslarar og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd, seier brannsjef Leif Linde i Bergen brannvesen.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Test røykvarslaren
Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om han ikkje gjer det, må du byte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byte batteriet med ein gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve.

– Vi tilrår seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Linde.

Bør testast jamleg
Ein bør normalt byte røykvarslarar etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skit kan detektoren bli ustabil og gje falske alarmar, fordi sensoren blir skiten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare. Røykvarslarar er EE-avfall som ein ikkje skal kaste i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale attvinningsstasjon.

– Røykvarslarar bør ein teste jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid, seier Linde.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.



FAKTABOKS:
- Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
- Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
- Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når døra mellom romma er stengd.
- Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar bør du ha seriekopla røykvarslarar. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.
- Vel optisk røykvarslar. Dei fleste bustadbrannar startar som ulmebrannar, og då er optiske røykvarslarar best.
- Det er forhandlarane som er ansvarlege for at røykvarslarane dei sel er produserte i samsvar med regelverket. Det du må sjekke, er at varslaren er CE-merka.


Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 27.11.2020