HeimNyheterAlt disponibelt mannskap ute og strør

Alt disponibelt mannskap ute og strør

Me har ein krevjande vêrsituasjon for tida med mykje is og holke på grunn av store svingingar i temperaturen.
Osterøy kommune har alt disponibelt mannskap ute for å strø. Me har strødd kontinuerleg dag og natt sidan sundag. Kommunen har fire bilar til dette formålet, men vaktmeistertenesta har for tida problem med sin bil, som har havarert. Me håpar å få bilen i stand i løpet av fredag. I tillegg har me no avtalt med private brøyteaktørar som skal bidra med to traktorar i jobben med strøing/salting.
Drift er ute og strør med ei blanding av salt og grus. Blir det mildvær, synker grusen ned i isen. Fryser det då på, er det ingen effekt av grusen som ligg inni isen/holka. Vert det regnver vaskar dette vekk saltet/grusen.
Det er veldig vanskeleg å halde fortau trygge no. Det beste ein kan gjere er å bruke broddar eller piggsko på dette føret.

Sist oppdatert: 21.01.2021
Publisert: 21.01.2021