HjemNyheterBesøksregler på Osterøytunet

Besøksregler på Osterøytunet

Det som no gjeld er:

Pårørande må bruke munnbind i fellesareal på sjukeheimen og halde avstand til andre bebuarar. Hugs at me framleis har smitte i samfunnet så ikkje kom på besøk dersom du er sjuk. Nytt handdesinfeksjon før du går inn på sjukeheimen.

Bruk av munnbind:

• Tilsette på sjukeheimen må bruke munnbind i situasjonar kor dei ikkje kan halde 1 meters avstand til kollegaer og bebuarar.

• Pårørande må bruke munnbind i fellesareal på sjukeheimen, og halde avstand til andre bebuarar.

• Det er viktig at det blir gjort lokale vurderingar med tanke på bruk av munnbind.

Dersom dette er til betydeleg hinder for kommunikasjon eller kor bebuar er heilt i siste fase av livet, må ein kunne unnlate bruk av munnbind.

Me har også i desse dagar oppdatert brosjyra vår til nye pasientar som kjem til oss. Den finn du her: Velkommen til Osterøytunet

Med venleg helsing Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet


Sist oppdatert: 17.03.2022
Publisert: 17.03.2022