HjemNyheterBetalingsløysing på ladestolpar

Betalingsløysing på ladestolpar

Totalt kjem det 5 nye stolpar fordelt på rådhuset (2 stk), Haus, Hauge og Valestrandsfossen. Dei nye stolpane vil ha type 2 kontakt og vil lade med 3.7 kw pr time. Stolpane på rådhuset vil bytast ut 13. -14. februar, og dei resterande mellom 17. og 21. februar (veke 8). I forkant av monteringa vil det verte sperra av ved stolpane og vi ber om at sperringane vert respektert. 

Prisen for å lade er ikkje endeleg bestemt, men fram til alle stolpane er bytta ut og betalingssystemet er klart vil det vere gratis. Overgangen til betalingsløysing vil truleg vere i slutten av februar. Det vil verte mogleg å lade ved å bruke app, SMS eller ein kan bestille brikke (RFID-brikke). 

Når dato for overgang til betalingsløysing og pris er fastsett vil det kome meir informasjon. Det vil også vere informasjon på stolpane. 

Hurtigladar på Osterøy

Kommunen får og ein del spørsmål knytt til hurtigladar for el-bil. Det vil kome i Oddalsmyra Næringspark og den vil truleg vere i drift komande haust. 

 

Ved spørsmål ta kontakt via e-post: post@osteroy.kommune.no.


Sist oppdatert: 11.02.2020
Publisert: 11.02.2020