HjemNyheterBruk av munnbind

Bruk av munnbind

På Osterøy er det i dag smittetilfelle utan kjent smitteveg, og vi har og smitta personar utan symptom. Risiko for å få smitte inn i våre tenester er difor stor.

Målet med forsterka tiltak er å sikre at ikkje helsetenestene i regionen bryt saman. Klarer vi å iverksette strenge tiltak ein kortare periode, er det håp om at vi kan sleppe opp igjen i god tid før jul.

I samråd med smittevernoverlegen er eitt av tiltaka å innføre bruk av munnbind i tenester til personar som er i risikogrupper, som eit ekstra tiltak i situasjonar der det kan vere vanskeleg å halde tilrådd avstand, som er 1 meter. Dermed vil mange av brukarane våre frå i ettermiddag oppleve at personalet kjem med munnbind når dei får besøk av oss.

Brukarar som oppsøkjer våre tenester kan på same vis oppleve at personalet brukar munnbind ved kontakt, som til dømes fysioterapi og legekontor.

For enkelte av brukarane våre vil bruk av munnbind kunne føre til auka uro, spesielt hos brukarar som har nedsett evne til å forstå kvifor vi har dette tiltaket. Vi vil derfor måtte vurdere bruk av munnbind til den enkelte, og vere sikre på at fordelen ved å bruke munnbind er større enn konsekvensen av å la vere.

I dei enkelte bufellesskapa i kommunen vil pårørande kome tett på fleire enn den dei skal besøke. Der dette er aktuelt, vil det difor bli tilbydd munnbind til besøkjande. Dette vil i så fall vere tydeleg merka ved inngangen.  

På Osterøytunet blir det på same vis tilbydd munnbind til alle som kjem på besøk. Munnbind vil bli utlevert i resepsjonen av den som kjem og hentar besøkjande. Vi ønskjer ikkje å pålegge besøkjande dette, men vil sterkt tilrå at alle tar i mot tilbodet for å bidra til å halde smitten ute frå sjukeheimen.

 

Med venleg helsing

Nina Kvamme
Sektorleiar helse, omsorg og sosial


Sist oppdatert: 09.11.2020
Publisert: 09.11.2020