HjemNyheterDagsturhytte på Osterøy

Dagsturhytte på Osterøy

Vi har fått mange gode innspel frå innbyggjarane om gode og flotte plasseringar allereie, men vi tek gjerne i mot fleire!

Tomta til dagsturhytta må vere minst 8 x 9 m, og den bør ha fast fjell. I tillegg er det eit ønske at det er godt med vrimleareal rundt hytta; til barn slik at dei kan leike trygt, og til små arrangement (eksempel konsertar). Plass til utedo er òg eit behov.

Veit du om nokon plasser som kan vere aktuelle, og som i tillegg ligg maks 15 min med bil frå Lonevåg, og 25 – 45 min gåtid frå parkeringsplassen? For parkering må vi jo òg ha! Tips oss i kommentarfeltet, eller send ein epost til kultur@osteroy.kommune.no


Sist oppdatert: 28.08.2020
Publisert: 28.08.2020