HjemNyhetereDialog: Enkel og trygg kommunikasjon med kommunen

eDialog: Enkel og trygg kommunikasjon med kommunen

Vanleg e-post vert ikkje rekna for å vera ein sikker kanal og du skal ikkje nytta e-post om du skal sende oss sensitive opplysningar. Vi oppfordrar derfor både privatpersonar og verksemder til å nytta eDialog til å sende dokument til oss på ein trygg måte. 

eDialog er ein sikker kanal, og informasjonen som vert sendt inn til oss blir kryptert og går rett inn i kommunen sitt sak/arkivsystem. 

Korleis bruke eDialog? 

Før du brukar eDialog er det viktig at du sjekkar om kommunen har eit eige elektronisk skjema til føremålet.  

 
Som ein tryggleik må du logge på/identifisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir). 

Slik fyller du ut skjema for eDialog: 

  • Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer). 

  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne). 

  • Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom dette er kjent. 

  • Kommentar: Gje ev. ein utfyllande beskriving av forsendelsen din. 

  • Husk å laste opp relevante vedlegg som (inntil videre) må vere i PDF-format. 

  • Klikk på "Send" - førespurnaden blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem.  

  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks). 

 

Fordelen med å bruke eDialog  

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal 

  • Det gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsendar 

  • Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem 

Du kan bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheita. 

E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem. Då kan du senda e-post til post@osteroy.kommune.no. 

Lurer du på noko? 

For henvendingar eller enkle spørsmål ta kontakt med kommunen sitt postmottak eller servicekontor på post@osteroy.kommune.no / servicekontoret@osteroy.kommune.no / 56 19 21 00 


Sist oppdatert: 22.04.2021
Publisert: 22.04.2021