HjemNyheterEigedomsskatt 2019

Eigedomsskatt 2019

Du kan lese eigedomsskattelista for 2019 her. Du kan og finna lista på servicekontoret i Rådhuset.

Heradsstyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2019 er 7,0 promille.

For bustadeigedomar og fritidseigedomar er det vedteke skattesats på 4,15 promille.

Dette er ein auke frå 3,15 promille frå 2018 og denne auken vart vedteke i Heradstyret 12. desember 2018.

I byrjinga av mars vil det verta sendt ut eigedomskattesedlar der det òg vert orientert om klagetilgjenge. 

Eigar kan klaga på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten dersom det ikkje er sendt inn klage på same taksten tidlegare.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg innan 6 vekar frå utlegginga og må innehalde ei nærare grunngjeving for kvifor du meiner at taksten er feil.

Eventuell klage kan sendast til Osterøy Kommune , Eigedomsskattekontoret, Geitaryggen 8, 5282 Osterøy eller på e-post til post@osteroy.kommune.no

Trykk her for å lese eigedomsskattelista 2019. 


Sist oppdatert: 05.03.2019
Publisert: 01.03.2019