HjemNyheterEkstraordinært digitalt møte i Heradsstyret

Ekstraordinært digitalt møte i Heradsstyret

«Heradstyret gjev formannskapet fullmakt til å handsame og gjere vedtak i saka i førstkomande møte.

Eksisterande forskrift vert utvida til å gjelde til ny forskrift er vedteke.

Grunngjeving:
Me har hatt ei regional forskrift som no går ut, og den nye forskrifta frå Bergen er ikkje klar endå. Det vil difor være fornuftig å utsetje vedtak til etter at denne er kjent.»

Det betyr at gjeldande forskrift med dei påbod og forboda som ligg der vert framleis gjeldane og etter måndag 23.11.20.

Formannskapet skal ha møte onsdag 26.11.20 og skal då ta stilling til korleis ei eventuell forskrift skal sjå i vekene framover. Me kjem til å oppdatere både på nettsida og sosiale medium etter det er fatta vedtak om ei eventuell ny forskrift på onsdag.

Sist oppdatert: 20.11.2020
Publisert: 20.11.2020