Happy Pride!

I følge det nye flaggreglementet vedteke av heradsstyret skal det flaggast med vimpel i heile juni. Ved å heise vimpelen ynskjer me først å fremst å visa at alle er velkommen til å vera seg sjølv hjå oss.

Samtidig som heradsstyret vedtok at det skal flaggast med vimpel vedtok dei fylgjande uttale:

"Ved å heise regnbogevimpelen vil Osterøy kommune spesielt løfta kampen for fridom, mangfald, inkludering, likeverd og rettferd for seksuelle minoritetar i vår kommune, i vårt land og i verda. Vi vil med å heise regnbogevimpelen ta sterk avstand frå all form for diskriminering, trakassering og vald mot seksuelle minoritetar.

Osterøy kommune skal vere open, inkluderande - og ein stad der gjensidig respekt mellom alle menneske er grunnmuren i samfunnet."

Regnbogevimpel utanfor Osterøy rådhus.


Sist oppdatert: 03.06.2024
Publisert: 03.06.2024