HjemNyheterInformasjon om kokepåbod på Valestrand

Informasjon om kokepåbod på Valestrand

Vi ber om årsak for brot i vassleveringa til Valestrandsområdet onsdag 07.06.2023, og for ulempa dette medførte og framleis medfører innbyggjarane der.

Grunna uvisse rundt vasskvalitet etter eit slikt brot, måtte vi innføra kokepåbod for einingar tilknytt kommunal leidningsnett vest for Kringastemma («nedanfor» Kringastemma).

Dette gjeld fram til vi har prøvar som viser at vatnet er av riktig kvalitet etter ei slik hending.

Då vi også skal utføre ei midlertidig omlegging av vassleidninga ved Valestrand skule natt til laurdag, vil vi først ta desse vassprøvane etter at dette er fullført.

Du kan hente vatn

Vi har tilrettelagd for henting av reint drikkevatn ved eit pumpehus på Kringastemma. Dette er for dei som ikkje ynskjer eller ikkje har moglegheit til å koka vatnet sjølv. Her er det montert ein kran med hageslange på utsida av bygget, til oppfylling av kanner eller flasker.

Kart som viser lokasjon for vasspost ved Kringastemma.

Foto: Kart som viser lokasjon for vasspost/pumpehus ved Kringastemma. Illustrasjon: Osterøy kommune

Meir informasjon om brot og vidare arbeid:

I samband med opparbeiding av ny busslomme og parkering på Valestrand skule, skal delar av leidningsnettet vårt også oppgraderast og leggjast om. Det skal i samband med dette utførast ei midlertidig omlegging av hovudleidninga mellom tannlegekontoret og høgdebassenget på Torvhusleitet, og entreprenør dreiv med klargjering for dette då brotet oppstod.

Den gamle leidninga frå 70-tallet tålte ikkje påkjenninga, og ein del av denne sprakk i samband med sprenging ca. 10 meter unna.

Vi må framleis gjennomføra omlegginga, og dette går som planlagt mellom fredag 09.juni kl. 15.00 og laurdag 10. juni kl. 07.00.

Dei som mistar vatnet i denne perioden vart varsla om dette onsdag kl. 14.00 via SMS-tenesta vår. Dersom du ikkje har motteke varsel om stenging kommande fredag, vil du forhåpentlegvis heller ikkje miste vatnet i den perioden. Det gjeld i hovudsak høgareliggande hus mellom gamleskulen og Torvhusleitet (i Maurhaugen og Nedsterinden).

Vi håpar å unngå fleire liknande hendingar i framtida, og ser fram til å få oppgradert ein så viktig del av vassforsyninga for området.


Sist oppdatert: 08.06.2023
Publisert: 08.06.2023