HeimNyheterInformasjon om koronavirusutbrotet

Informasjon om koronavirusutbrotet

Det er i dag sendt ut sms til alle innbyggjarane på Osterøy.

Denne teksten lyder:

Oppdatert informasjon om koronavirusutbrotet kan de finne på folkehelseinstituttet sine heimesider www.fhi.no.

Det er ikkje påvist smitte på Osterøy pr. 02.03.20.

Dersom du ikkje finn svar på fhi.no, ring nasjonal informasjonstelefon 81555015.

Dersom du trur du er smitta, ring fastlege. Dersom du ikkje får tak i fastlege, ring legevakt tlf: 116 117. Ikkje møt på legekontoret/legevakt utan avtale når det gjeld denne problemstillinga.

Osterøy kommune fylgjer utviklinga kontinuerleg og vil oppdatere heimesida når det er nytt å melde. 


Sist oppdatert: 02.03.2020
Publisert: 02.03.2020