HeimNyheterAVLYST! Invitasjon til dialogmøte om næringsrelaterte plan- og byggesaksprosessar i Osterøy kommune

AVLYST! Invitasjon til dialogmøte om næringsrelaterte plan- og byggesaksprosessar i Osterøy kommune

Kommunen vil delta med politikarar og folk frå administrasjonen

Tema er:

Arbeidet med kommunale planar og byggjesaker er ein sentral del av korleis Osterøy kommune legg til rette for god næringsutvikling. I ein situasjon der kommunen har særleg trong økonomi er det difor viktig at næringslivet opplever at dette skjer så effektivt som råd er.

Kommunen ynskjer å ha fokus på korleis plan- og byggesaksarbeidet vert opplevd.

Stikkorda er:

  • Overordna tilbakemelding på samarbeidet med Osterøy Kommune
  • Kva har skapt mest forseinking/fordyring/forvirring?
  • Erfaringar frå andre kommunar som Osterøy kan læra av?
  • Reflekterte råd innanfor roller, regelverk, planar og kostnadsrammer?

Målet med møtet er å læra for å verta betre slik at alle involverte, på begge sider, arbeider meir effektivt med plan- og byggesaker. Det er ikkje eit møte for å diskutera avgjerder i enkeltsaker

 

Vennleg helsing

Aksel Mjøs

Utvalsleiar, Plan og kommunalteknisk utval


Sist oppdatert: 15.03.2020
Publisert: 09.03.2020