HeimNyheterInvitasjon til samtalegrupper for foreldre

Invitasjon til samtalegrupper for foreldre

Korleis kan du behalde det gode forholdet til ungdommen din gjennom ungdomstida? Nytt kurs i foreldrerettleiingsprogrammet ICDP i oktober. Frist for påmelding 1.oktober.
Publisert: 07.09.2019
Sist endra: 07.09.2019

Helsesøster Beate Kleppe og Miljøterapeut Mona Neu Hatland inviterer til nye samtalegrupper i foreldrerettleiingsprogrammet ICDP.

Samtalegruppene går over 6 gonger, 6-8 deltakarar, kor me vil gå gjennom 8 tema for godt samspill.

 Målsettinga med programmet er først og fremst å påverke og forbetre kontakt og samspill mellom omsorgsgjever og ungdom. Du vil møte andre foreldre, utveksle erfaringar og bli meir bevisst og tryggare i foreldrerolla.

Me startar opp måndag 14.oktober kl.17.00 - 19.00 på Familie og omsorgssenteret i Lonevåg (Fotlandsvegen 27).

Påmelding til Beate 94508714 eller Mona på 94534452  innan 01.oktober 

Mail: beate.kleppe@osteroy.kommune.no / mona.neu.hatland@osteroy.kommune.no