HjemNyheterJobbmot - nytt tilbod til ungdom i regionen

Jobbmot - nytt tilbod til ungdom i regionen

Pilotprosjektet Jobbmot opna i mai 2022 og skal hjelpe ungdom frå 10.klasse til 25 år i å finne sin veg. Saman lagar de ein plan for å nå målet om arbeid, utdanning eller aktivitet. Tilbodet er frivillig, gratis og tilpassa den enkelte ungdom.

Er du skulelei eller vil i aktivitet? 

Jobbmot kan hjelpe deg å finne det som er rett for kvar enkelt. Saman med ungdom lagar vi ein konkret plan for å nå måla. Målet kan vera skule, jobb eller anna aktivitet. No eller framover. Treng du hjelp frå andre tenester kan vi hjelpe deg med å komme i kontakt.

Dømer på kva vi kan hjelpe med

  • Karriererettleiing
  • Hjelp til CV/søknad
  • Direkte kontakt med bedrifter

Rask start:

For å komme raskt i gang og nå ungdom starta Jobbmot med å hjelpe ungdom å finne sommarjobb. Kontakt med lokalt næringsliv – mellom anna gjennom Nordhordland Næringslag resultere i at 11 ungdommar fekk sin første jobb og viktige erfaringar i arbeidslivet som er med å gje nye moglegheiter vidare. Fleire av ungdommane som er tilbake på skule vil forsette som deltidstilsette. Ein del av ungdommane vil ha vidare hjelp frå Jobbmot for å finne riktig skule eller meir/anna arbeid.

Kontakt:

Ring oss direkte på 94 13 62 06 eller send oss ein sms på 59 44 96 19, så avtaler vi å møtast slik at du kan forklare kva du vil ha hjelp til. Både ungdom, føresette, fagpersonar eller arbeidsgivarar kan ta direkte kontakt. 

Kven står bak piloten? 

Jobbmot Kompetansesenter for ungdom og arbeid er eit 2 årig pilotprosjekt som er etablert av kommunane i Nordhordland, fylkeskommunen og NAV. Piloten er organisert i ungdoms- og intergreringsavdelinga i NAV Alver, og Alver kommune er vertskommune. 

Brosjyre Jobbmot - kompetansesenter ungdom og arbeid.pdf


Sist oppdatert: 28.09.2022
Publisert: 28.09.2022