HeimNyheterJulehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Les første julehelsing frå vår nye ordførar ved å klikka deg inn på artikkelen.
Publisert: 20.12.2019
Sist endra: 20.12.2019

No nærmar jula seg med stormskritt. Alle julegatene i dei flotte bygdene våre er tent for lengst, og ein ser vakre julelys kvar ein snur seg rundt om på heile øya vår. Jula er i utgangspunktet ei kristen høgtid, men eg trur alle folk uavhengig av religion og livssyn kan samlast om den gleda det er at eit barn er kome til verda.

Jula handlar om å vere saman, vise omsorg og å reflektere over året som har gått. Me er heldige som får bu på ein så god plass som Osterøy. Eg meiner det er ei stor styrkje å bu i små og gode lokalsamfunn, der ein kanskje er ekstra nøye med å ta godt vare på kvarandre.

Eg er utruleg heldig som får vera ordførar i Osterøy Kommune. Som ny ordførar har eg lært veldig mykje om kommunen vår på kort tid. Inntrykket eg sit att med er at det skjer mykje gode ting rundt om i kommunen vår. Dyktige enkeltpersonar, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar med fleire får til dei mest fantastiske ting. Tusen takk til alle som står på på jobb, på dugnad eller med andre ting og er med på å gjera øya vår endå betre.

For nokon er jula ei tung tid. Me som gleder oss til jul er heldige, og det er viktig at me ikkje gløymer dei som ikkje gjer det. Her vil eg spesielt trekka fram den frivillige organisasjonen «Osterøyhjelpen» og takka for alt det gode arbeidet dei legg ned for dei som ikkje har det så lett på Osterøy.

Som tidlegare sjømann kjenner eg godt til korleis det er å vere på jobb i jula. Eg vil difor senda ei ekstra helsing til alle dei som er med å held samfunnet i gong i jula, og difor ikkje får vere heime saman med familien.

For meg er det musikken og lyrikken som er det eg likar aller best med denne tida på året. Me har så utruleg mange dyktige norske lyrikarar som har skrive nokre fantastiske julesongar. Song skapar samhald, og eg er heilt sikker på at om me berre hadde sunge litt meir saman, så hadde jorda vore ein fredelegare plass å vera.

Med dette så vil eg ynskja alle innbyggjarar og tilsette i Osterøy Kommune ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Beste helsing

Lars Fjeldstad, ordførar