HjemNyheterKokevarsel og vasslekkasje på Votlo

Kokevarsel og vasslekkasje på Votlo

Oppdatering 09.04.19: nye drikkevannsprøvar viser tilfredsstillande vasskvalitet, og kokevarslet vert oppheva fra i dag av for alle som er tilknytta Haus vassverk.
Publisert: 06.04.2019
Sist endra: 09.04.2019

Det er no kokevarsel for alle abonnentar som er tilknytta kommunalt vatn ved Votlo. Grunnen til kokevarselet er ein lekkasje på kommunal vassleidning. Dette gjer at enkelte abonnentar har mista vatnet eller at vasstrykket er dårleg.Feilen er funne og vert retta i løpet av kvelden.

Når vatnet er tilbake la vatnet renna til det blir klart. Om mogleg frå utvendig kran.

Hugs å koke vatnet fram til melding om oppheva kokevarsel er mottatt. Nye vassprøvar må takast, analyserast og godkjennast før melding vert sendt ut.

Meir informasjon om kokevarsel generelt finn du ved å klikka her.

Har du fleire spørsmål om saka utover dette kan du ringa vakttelefon til teknisk drift 56390126.

Bileta illustrerar områda som er berørt.