HjemNyheterKorleis står det til med folkehelsa i Osterøy kommune?

Korleis står det til med folkehelsa i Osterøy kommune?

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Osterøy kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Osterøy, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Mange svar gjev gode data. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000.  Gåvekorta er gyldig i fem år.

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51207150


Sist oppdatert: 20.04.2022
Publisert: 20.04.2022