HeimNyheterKorona: Nye restriksjonar for eigne tilsette - oppmoding til alle verksemder, innbyggjarar, lag og organisasjonar

Korona: Nye restriksjonar for eigne tilsette - oppmoding til alle verksemder, innbyggjarar, lag og organisasjonar

Følgjande reglar gjeld frå 12. mars og fram til dei vert oppheva (reglane kan endrast dersom situasjonen tilseier det):

  • Alle arrangement i regi av Osterøy kommune vert avlyst.
  • Møteverksemd og samlingar med meir enn 15 deltakarar vert avlyst - dette gjeld ikkje lovpålagde politiske møte.
  • Alle tilsette blir oppmoda om å ikkje delta på kultur eller idrettsarrangement.
  • Alle tilsette blir oppmoda om å ikkje reise til utlandet i eigen ferie. Alle tilsette står fritt til kvar dei vil reise på ferie, men arbeidsgivar frarår utanlandsreiser for å avgrense smitte. Dei som likevel veljer å reise på ferie til utlandet, må rekne med karantene for eiga rekning når dei kjem heim.
  • Alle møte som kommunen kan arrangere som videomøte eller telefonmøte, vert arrangert på denne måten.
  • Osterøy kommune vil praktisere auka bruk av heimekontor etter avtale med kvar enkelt. Vi ber alle tilsette som har bærbar pc om å ta denne med heim kvar dag slik at de er opperative på kort varsel. Alle må laste ned VPN, de får nærare informasjon om dette io eigen e-post.
  • Skular og barnehagar vert stengt frå måndag 16.03.20 (dersom ikkje regjeringa vedtar annan dato).
  • Ingen tilsette skal reise på kurs eller seminar.
  • Alle som blir sett i karantene må respektere vedtaket. Ved eventuell usikkerheit rundt vedtaket, må den det gjeld ta kontakt med legen sin.

Smittestatus i Osterøy kommune:

  • Per 12. mars kl 09.00, er det ikkje påvist smitta personar i Osterøy kommune.

 


Sist oppdatert: 12.03.2020
Publisert: 12.03.2020