HeimNyheterKulturprisen i Osterøy 2020

Kulturprisen i Osterøy 2020

Kulturprisen vert gjeven for aktivt frivillig kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefullt einskildtiltak innafor det utvida kulturomgrepet.

  • Einskildpersonar som har gjort  frivillig kulturarbeid utan tilknytning til eit lag/ein organisasjon, får pengesummen personleg.
  • Når einskildperson tilknytt eit lag får prisen, går prisen til laget.
  • Når prisen vert gjeven til lags-/organisasjonsarbeid, skal den gå til arbeid som verkar samlande for mange av innbyggarane i Osterøy.
  • I vurderinga av aktuelle kandidatar skal frivillig kulturarbeid retta mot barn og unge vektleggjast.
  • Dugnad er tilrettelegging for kultur – eller idrettsaktivitetar. Prisen kan likevel gjevast til dugnad dersom det som resultat av dugnaden vert samlande aktivitetar for mange av innbyggarane i Osterøy.

Forslag til kulturprismottakarar kan fremjast av innbyggjarar eller lag og organisasjonar heimehøyrande i Osterøy kommune.  Forslaga skal vera grunngjevne.

Frist for å koma med framlegg på kandidatar er sett til 25. januar.

Framlegga skal sendast Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller på e-post til: post@osteroy.kommune.no.


Sist oppdatert: 19.12.2019
Publisert: 19.12.2019