HjemNyheterKunngjering - utlegging av manntalet for Osterøy

Kunngjering - utlegging av manntalet for Osterøy

Du må stå i manntalet for å røysta ved valet. Du kan sjølv kontrollera om du
står i manntalet i Osterøy kommune. Manntalslistene vert lagt ut til offentleg
ettersyn frå 15. juli og fram til valdagen 9. september. Alle med røysterett som
er folkeregistrert i Osterøy 30. juni i valåret er innført i manntalet for Osterøy
kommune. Står du i manntalet i Osterøy kan du røysta i Osterøy kommune
på valdagen, eller du kan førehandsrøysta.


Dersom du har flytta frå ein annan kommune, og flyttemelding ikkje er motteke
hos Folkeregisteret innan 30. juni d.å., står du framleis i manntalet i den
kommunen du har flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen
i kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.
Den som meiner at han/ho eller ein annan urettmessig ikkje er kome inn
i manntalet i kommunen, eller at det er andre feil i listene som ligg ute, kan
krevja at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting må vera skriftleg og grunngitt
og må sendast til Valstyret i Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Valstyret vil retta feil og oppdatera manntalet så langt det er mogeleg fram
til valdagen.


Krinsmanntala for Osterøy kommune til kommunestyre- og fylkestingsvalet
vert lagt ut på desse stadene:


Valestrand krins:        Coop Extra, Valestrandsfossen
Hauge krins:                Coop Extra, Valestrandsfossen
                                       Extra Lonevåg
Lonevåg krins:            Extra Lonevåg
Fotlandsvåg krins:    Joker Fotlandsvåg
Haus krins:                  Kiwi Haus
Bruvik krins:                Nærbutikken Bruvik
Hovudmanntalet:       Osterøy rådhus, Servicekontoret

 

Valstyret i Osterøy kommune


Sist oppdatert: 08.07.2019
Publisert: 08.07.2019