HjemNyheterLøyser seg med veterinærdekning

Løyser seg med veterinærdekning

Vi kan no melde om at vi frå og med torsdag 28.04.22 vil få veterinærhjelp i frå veterinær Johannes Slettebø som er ein erfaren veterinær.

  • Han vil ha veterinærvakt i frå i morgon kl. 16:00 og fram til kl. 06:00 på måndag 02.05.
  • Han vil vera stasjonert på Valestrand i denne perioden.

Ny veterinær måndag 

Veterinær Geir Jakobsen vil vere på plass som veterinær i frå måndag. Det vil kome meir informasjon om når han vil vere på vakt.

Maria Lindborg vil vere tilgjengeleg på dagtid måndag-fredag og ha telefontid frå kl. 7.30-09.00.

Inseminering går som normalt. Enten tek kommunen sine veterinærar oppdrag eller vert det utført av Geno sine teknikarar.

Vi håpar med dette på at det skal bli mykje lettare for alle husdyrbøndene i kommunen og veterinærane som har arbeid under hardt arbeidspress lenge.

Vakttelefonen 

Tilsette på Teknisk forvaltning vil også i tida framover sørge for at vakttelefonen blir svart, når det ikkje er veterinær tilgjengeleg. Vi håpar at det etter kvart vil bli mindre trong for denne naudløysinga.

 

Kontaktinformasjon:

Vakttelefon kommuneveterinær: 409 12 088


Sist oppdatert: 02.05.2022
Publisert: 28.04.2022