HjemNyheterMomskompensasjon for frivillege lag og organisasjonar

Momskompensasjon for frivillege lag og organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillege lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivilleg aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillege organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Frivillege organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.

Frivilleg innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivillegregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon. 

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida vår:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift. Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.


Sist oppdatert: 01.06.2023
Publisert: 01.06.2023