HeimNyheterNo kan du søkje barnehageplass

No kan du søkje barnehageplass

17.01.20: OBS! Feilen som oppstod når ein skulle senda inn søknaden er no retta og det fungerar som det skal. Søknadsfrist er 1. mars og det må søkjast elektronisk. Alle som tidlegare har sendt inn søknad om barnehageplass må søkja på nytt. Hovudopptak gjeld ledige plassar frå august 2020.
Publisert: 16.01.2020
Sist endra: 17.01.2020

Lovfesta rett betyr:

  • Barnet må ha fylt 1 år innan utgangen av november
  • Det må vera søkt om barnehageplass innan 1. mars 2020
  • Barn som fyller 1 år innan august må ønskja ein plass innan 31. august.
  • Barn som fyller 1 år i september må ønskja ein plass innan 30. september.
  • Barn som fyller 1 år innan oktober må ønskja ein plass innan 31.oktober.
  • Barn som fyller 1 år innan november må ønskja ein plass innan 30. november.

 

Hovudopptaket går frå 2. mars til ca. 10. juni.

Det er viktig at søknaden er korrekt fylt ut, med opplysningar om adresse, arbeidstad og e-post.

Søknader for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, vert handsama i suppleringsopptaket.

Trykk her for å søkje barnehageplass