HeimNyheterNy sektorleiar og ny sektor

Ny sektorleiar og ny sektor

Berit Karin Rystad er ny sektorleiar for sektor for samfunnsutvikling.
Publisert: 19.02.2019
Sist endra: 19.02.2019

Berit starta i stillinga 15. januar i år og kom frå jobben som leiar for kontor for sykkel og mobilitet i bymiljøetaten i Bergen kommune. Berit har allsidig erfaring frå arbeid i kommunesektoren. Ho har vore plan og bygningssjef i Fjell kommune og har jobba i Kristiansand og Oslo kommune.

Berit har også jobba 10 år hjå Fylkesmannen i Hordaland. 8 år for landbruksavdelinga og 2 år som seksjonsleiar for plan og beredskap i kommunal- og samfunnsavdelinga.

Berit Karin Rystad, sektorleiar for samfunnsutvikling

Foto: Berit Karin Rystad er sektorleiar for sektor for samfunnsutvikling

Berit er utdanna geograf ved Universitet i Bergen og har tatt ledelsesfag ved BI og Handelshøyskolen.

- Eg syns det er utruleg spanande å utvikle ein heilt ny sektor i Osterøy kommune som gjer det mogleg å sjå mange fagfelt på tvers av sektorane, som for eksempel folkehelse, fortel Rystad.

Den nye sektoren erstattar tidligare sektor for miljø og teknikk og blir større enn forgjengaren.

- Eg syns det er veldig interessant med samspelet mellom administrasjonen og politikarane, og gler meg til samarbeidet med politikarane, seier Rystad.

- Eg har variert erfaring med ulike utviklingsprosessar. Eg ser fram til å samarbeida med lag og organisasjonar og innbyggjarane for å utvikla Osterøysamfunnet til det beste for alle som bur her, avsluttar ho.