Ny skjøtselsplan for Havrå

Havrå er eit av 49 utvalde kulturlandskap i jordbruket. Bygningane, tunet, innmarka og utmarka, er òg freda etter kulturminnelova for å bevare dette kulturhistoriske «dokumentet» for ettertida. Det vert lagt ned ein stor innsats for å halde kulturlandskapet ved like, og dessutan tilbakeføre attgrodde areal til skjøtta kulturlandskap.

Skjøtselsplanen er ei rettleiing for å ta vare på kulturlandskapsverdiane. Med denne planen sikrar vi at tiltak som blir gjort medverkar til bevaring og gjenskaping.

Prosjektet har vore leia av biolog og landskapsforvaltar Siri Wølneberg Bøthun i samarbeid med landskapsarkitekt mnla, professor Morten Clemetsen.  

Skjøtselsplanen finn du her: 

Skjøtselsplan Havrå (Obs! Stor filstørrelse)


Sist oppdatert: 14.11.2022
Publisert: 14.11.2022