HeimNyheterOmrådeplan Lonevåg - Kom med innspel om arealbruk

Områdeplan Lonevåg - Kom med innspel om arealbruk

Osterøy kommune inviterar alle som ynskjer det å kome med innspel til arealbruk i Lonevåg. Innspela må vera knytt til føremålet med planen.

Vi vil difor ha innspel som er knytt til:

  • Utvikle fellesareal med gode kvalitetar- kvar skal det vera og korleis?
  • Fortetting av eksisterande bustadområde
  • Etablere nye og sikre eksisterande gang- og sykkelvegar, fortau og snarvegar.
  • Utvikling av areal i sentrum til bustad, kontor og foretning med meir
  • Utvikle areal for offentleg tenesteyting i Lonevåg og på Hatland
  • Sikre ein balansert bruk av strandsona mot sjø med friområde og fellesareal, småbåthamn- og gjestehamn og anna bruk som stør opp om målsettinga i  planprogrammet.

Før du kjem med innspel ber vi om at du les gjennom planprogrammet. Innspelet må seie noko om kva som er bruken av området i dag, kva ny bruk ein ynskjer for arealet og innspelet ditt må visast på kart.

Innspelet ditt må vera innanfor planområdet. Planområdet er vist på bilete under.

Innspel skal sendast på epost: post@osteroy.kommune.no eller som brev til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg. Merk innspelet med Områdeplan Lonevåg.

Spørsmål? Ta kontakt med Osterøy kommune på tlf 56 19 21 00 eller på epost til: post@osteroy.kommune.no

Frist for å kome med innspel er sett til 3. mars.

PLANPROGRAM

Planprogram Lonevåg_090218_med endring frå FS.pdf

 


Sist oppdatert: 22.01.2019
Publisert: 18.01.2019